Jæren Naturmedisin

Infertilitet

Infertilitet er i dagens samfunn eit aukande problem. Det er mange faktorar som kan virke inn på dette. Kosthold, stress, krav, karriere, overvekt, hormonbruk er nokre av faktorane.

Frøyaklinikken i Oslo er ein klinikk som har spesialisert seg på infertilitet. Ved å bruke homeopati i kombinasjon med øyreakupunktur, fotsoneterapi og kostveiledning vert 60,2 % av deira pasientar gravide. (Ved bruk av prøverørsmetoden vert ca. 30% gravide). Eg har vore på kurs med Anette Heggemsnes som starta Frøyaklinikken.

  Infertilitet hjå kvinna:

  Forstyrringar med eggløysning ( som f. Eks. PCO/ PCOS og anovulatorisk syndrom),endometriose og habituell abort er dei vanlegaste årsakane til barnløyse. Andre årsakar kan vera gjentekne soppinfeksjonar, tarmlidningar og problem som følge av P-pille bruk.

  Ved å behandle med ein kombinasjon av homeopati, øyrekaupunktur, fotsoneterapi og kostveiledning kan ein betra hormonbalansen slik at menstruasjonssyklus og eggløysning igjen vert regelmessig samt at menstruasjonssmerter og PMS avtek. Med å bringe det hormonelle i ein betre balanse kan kroppen vera meir klar til å gå igjennom ein graviditet.

  Infertilitet hjå mannen:

Hjå menn har ofte infertilitet med nedsatt sædkvalitet å gjera. Lågt sædvolum,  lite rørsle av spermien eller hovud/ halefeil på spermein. Betennelse i prostata kan også vera ei årsak.

  Eg bruker homeopati, øyreakupunktur, fotsoneterapi og kostveiledning i behandlinga.

  IVF/ Assistert befruktning:

For nokre par er assistert befruktning einaste mulighet for å få barn. Behandlingsmetodane eg bruker kan understøtte behandlinga til fertilitetslegane.

  Graviditet:

Alle behandlingsmetodane eg bruker kan trygt brukast av gravide. Det er ingen kjente biverknader ved rett bruk.

Å vera gravid, kjenna korleis barnet veks er for dei aller fleste ei fasinerande og spanande oppleving. Store, kompliserte prosessar tek plass og det kan for nokre også føre til at dei får plager og sjukdomar ein treng behandling for. Kvalme, dårleg søvn, halsbrann, bekkenløysning, humørsvingningar, fødselsangst, svangerskapskløe, kynnere, åreknutar, kramper og restless legs, urinvegsinfeksjonar er dei plagene gravide oftast oppsøker meg for.

Forbereding til fødsel:

Eg har født 4 barn sjølv, alle planlagte heimefødslar. Å ta eit valg om å føde heima innebar at eg måtte setja meg grundig inn i kva ein fødsel er og kva prosessar ein gjennomgår. Sjølv fekk eg grundig veiledning av mine jordmødre på kor fantastiske kroppens funksjonar er under ein fødsel og korleis ein kan understøtte desse funksjonane.

For å vera trygg nok til å føde heima trengte eg også å vita om kva som kan gå gale under ein fødsel, noko eg også leste meg opp på.

Med å føde heima måtte eg ta ansvar for valget mitt, eg visste heile tida at eg ikkje kunne gje ansvaret til sjukehuset. Eg erfarte at dette ansvaret henta fram urkvinna i meg. Urkvinna gjorde at eg handla instinktivt gjennom fødslane, og det gav meg ei kjensle av at eg heile vegen visste kva som måtte til for å få ungen ut.

Eg har tru på at ein ved å forbereda seg godt til ein fødsel kan koma meir i kontakt med urkvinna i seg også når ein vel å føde på eit sjukehus.

For meg var det vesentlig å forbereda meg til fødslane med å auka min kroppsbevissthet gjennom kroppssansning og tilstedeværelse i kroppen,. Eg øvde inn teknikkar som eg fokuserte på mellom riene.

I tillegg til ei mental forberedning  kan ein med hjelp av øyreakupunktur og fotsone løysa opp spenningar i bekkenområde og korsryggen. Dette kan gjerast frå 3 veker før termin.

Ofte har eg også sendt med homeopatiske medisin til fødsel. Homeopatien har ei rekke homeopatiske midler som kan hjelpe viss ting går gale i ein fødsel.

Noko av det vanlegaste er at riene kjem veldig tett utan at det er kraft og verknad i dei. Den fødande vert utmatta utan at livmorhalsen opner seg.

Det kan også vera at vatnet går utan at riene set i gang.

Fleire gravide har født barn før og har i tidlegare fødslar erfaringar med at noko går gale. Eg vil då gå igjennom tidlegare fødselforløp og førebu den gravide og/ eller hennar partner på kva homeopatiske midler dei kan bruka om det same skjer igjen.

Det er også nokre standardmidler som eg kan anbefale alle i dei forskjellige stadiene av ein fødsel og i tida etterpå.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

18.10 | 18:40

Merkbar god lesning!!!! Takk som deler! =)

...
22.09 | 19:23

Godt å lese og kjenne at dette er jeg hjemme i, det har vært med meg igjennom livet, har lært det og integrert det fra den beste læremesteren ever!
Mvh Kirsten

...
22.09 | 02:35

Veldig bra skrevet, Jens! Jeg er glad for at jeg har vært og er elev av deg. Håper du har det bra. Hilsen Marianne Wæhler Gustavsen

...
22.03 | 16:08

:)) Takk for at du finnes. Dyktige læremester jeg er stolt av å ha vært din student :))mvh. Tove Gunn Skjulestad

...
Du liker denne siden