Jæren Naturmedisin

Matvareintoleranse- test/ yorktest.

Eg tilbyr å ta york test. Det er ein blodprøve som eg tek frå fingen og som eg sender til york test laboratorier i England. Intoleransetestar er såkalla IGg testing av 116 forskjellige matvarer. Det er protein - intoleranse i matvarene ein testar for.

Eg bruker York test fordi det er det laboratoriet som har best dokumentasjon av IGg testing. IGg testing er usikkert og er derfor ikkje eindel av det etablerte helsevesenet. Testen vil kunne påverkast av kva du har ete siste tida før testing. Utslag på dei forskjellige matvarene vil graderast på ein skala frå 1 - 4. 4 er sterkast reaksjon. Slår ein ut på 4 på ein matvare treng ein allikevel ikkje vera i tvil om at dette er ei matvare ein bør unngå.

Legar tilbyr IGg testing for kun melke intoleranse og intolerans for kveitemjøl.

Testinga er dyr og det er hovudgrunnen til at eg ofte held igjen på å anbefala testen. 

Mange kjenner seg sterkt påverka av kva dei et utan å finne utav sjølv kva dei reagerer på. Ved matvareintoleranse kan det gå 2 til 7 døgn frå ein et matvaren ein ikkje tåler før ein får reaksjon av det. Det kan derfor vera umogleg å finna ut av intoleranser på eiga hand.

I ei vanleg fordøying vil maten verta spalta opp av enzym. Maten går vidare gjennom tarmveggen, over i blodbanen og blir frakta rundt som næring. 


Ved intoleranse produserer me ikkje enzym som kan spalte opp den spesifikke matvaren. Resultatet vert då at det er store molekyl som vert pressa igjennom tarmveggen og over i blodbanen. Dette store molekylet etterlater store hol eller porer i tarmveggen, og som i neste fase kan føre til at tarmen slepp gjennom fleire store molekyl og dermed utviklar ein enno fleire intoleransar. Dette kan koma inn i ein ond sirkel der pasienten utvikler det ein kaller lekk tarm eller leaky gut syndrom.

Når dette store molekylet kjem over i blodet reageret kroppen på det som om det er eit virus eller ein bakterie, og dannar antistoff imot det. Dette antistoffet vert kalla IGg eller immunglobulin G. IGg legg seg rundt dette store molekylet og dannar det ein kallar eit immunkompleks. Sidan det store molekylet ikkje er ein bakterie eller eit virus klarer ikkje IGg å bryta det ned, og immunkomplekset vert lagra i det som er svake punkt i kroppen. Det kan i prinsippet vera kor som helst: i feittvev, i hovudet, i blæra osv. Dette kan føre til at ein legg unormalt mykje på seg eller at ein får fysiske plager frå det område immunkomplekset ligg lagra. Mange får og tydelege reaksjonar frå tarmsystemet, diare, forstoppelse, luftplager, og syreplager.

Eit immunkompleks har ei halveringstid på 6 veker. Det tek altså uvanleg lang tid og mykje krefter for kroppen å prøve å kvitte seg med maten den ikkje klarer å fordøya.

Min tanke er at det ligg ei årsak bak at ein i det heile utvikler ein intoleranse, og at ein i tillegg til testing og diettar må ha fokus på korleis ein kan styrke immunforsvaret. Til å styrke immunforsvaret brukar eg oftast homeopati. Å styrke immunforsvaret  kan i mange tilfelle vera nok til å koma seg utav intoleranseproblematikken. Eg opplever allikevel hjå nokre at intoleranseproblematikken har kome for langt til at ein kan snu det utan å gå på diett.

Yorktest har brukarundersøkingar som dokumenterer at over 85%  kjenner seg heilt bra eller tydeleg betre av plagene sine av å følge dietten etter testing.

Med å følge dietten i 3 - 6 månadar kan ein tåle matvarene ein har intoleranse for igjen betre. Porene i tarmveggen får tid å gro til pluss at ein får kvitta seg med lageret ein har av immunkompleks.

Dersom det er naudsynt tilbyr yorktest veiledning av ernærings terapeut i oppfølging av diettar.

Hjå barn er aldri yorktest og diettar eit førsteval, og det er sjeldan eg tilbyr det i det heila.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

18.10 | 18:40

Merkbar god lesning!!!! Takk som deler! =)

...
22.09 | 19:23

Godt å lese og kjenne at dette er jeg hjemme i, det har vært med meg igjennom livet, har lært det og integrert det fra den beste læremesteren ever!
Mvh Kirsten

...
22.09 | 02:35

Veldig bra skrevet, Jens! Jeg er glad for at jeg har vært og er elev av deg. Håper du har det bra. Hilsen Marianne Wæhler Gustavsen

...
22.03 | 16:08

:)) Takk for at du finnes. Dyktige læremester jeg er stolt av å ha vært din student :))mvh. Tove Gunn Skjulestad

...
Du liker denne siden