Homeopat MNHL og Familieterapeut

Jæren Naturmedisin

Korleis bruker eg familieterapi?

Familieterapi:

Familieterapi er retta både mot parterapi, mot storfamilien, konfliktar ein står i i livet og mot atferdsvanskar hjå barn.

Familieterapien legg vekt på samspelet i ein familie, i bedriften eller i storfamilien. Reaksjonsmåten til ein familiemedlem påverker motreksjonen frå ein anna part. For eksempel kan ektemann seia at han drikk fordi kona kjefter så mykje. Kona kan seia ho kjefter fordi mannen drikk så mykje. Me kaller dette eit sirkulært samspel. Ein kan ikkje seia at det er ein utløysande årsak her.  Det er ikkje den eine eller den andre si skyld at det oppstår slike mønster i ein familie. Ein må sjå på heile familiesystemet for å finne passande strategiar for endring.

Atferda til barn i ein familie kan vera sterkt påverka av familiesystemet. Problematferd hjå barn kan vera barnet sin måte å hindre uønska atferd hjå foreldra.

Barn kan ta på seg mykje skyldkjensle når eit familiesystem ikkje fungerer godt. Dei kan oppleva det er deira skyld viss mor og far kranglar.

Familieterapi bygger på tillit mellom terapeut og klientar. Eg er svært oppteken av at det skal vera rom til alle måtar å sjå livet på. Religion, spirituelt syn, seksuell legning, politisk ståstad o.l. er ofte våre grunnpilarar i livet og det skal vera fritt fram å også snakke om det viss det er viktig for den enkelte.

Mange nivå:

Familieterapi kan utøvast på mange nivå. Nokre gonger kan det vera nok å bevisstgjera samspelmønster for å få rørsle i eit låst system. Andre gonger treng ein å gå djupare for å forstå samspelmønster kvar av partane dreg med seg frå tidleg påverknad i livet. Roller og påverknader me har hatt som barn kan i stor grad påverka det forholdet me skaper med partnar. 

Kvart par kan sjølv vera med å skape måten me jobber på i terapien. Å jobbe med mønster frå barndom kan vera naudsynt for å få til ei god og varig endring i forholdet.

Som familieterapeut tilbyr eg samtalar med barn, ungdom, familiar, par,enkeltpersonar og også til konfliktar i ein bedrift. Det kan vera aktuelt når det er konfliktar mellom foreldre og barn, mellom par, mellom kollegaer og også når det er konfliktar mellom fleire generasjonar.

PAR:

Temaer i samtalane er det du/ dykk som vel. Det kan vera:

1)    Eit ynskje om å jobba med forholdet

2)    Kommunikasjonsvanskar

3)    Utroskap

4)    Vold

5)    Ved kriser i forholdet

6)    Ved tvil om å bryta ut av forholdet eller å bli verande

7)    Eit ynskje om betre samarbeid mellom mine og dine barn og med ekspartnarar.

8)    Veiledning ved samværsavtalar

9)    Frustrasjonar knytta til stemors- eller stefarsrolle.

Barn og Ungdom

V iss ein finn det nyttig kan barn og ungdom få eigne timar til samtalar. Eg erfarer likevel at det oftast er nyttig å ha med ein eller begge foreldra. Ein eller begge foreldra kan også koma åleina. Utgangspunktet er at foreldra er dei viktigaste personane i utviklinga til barna, og at samspelet i mellom foreldre og barn ofte er det viktigaste å ha fokus på.

Barn er nye menneske i verda, med dei same kjensler som vaksne og med mange tankar og spørsmål om seg sjølv og verda omkring seg. Barn kan oppleva, som vaksne, at kvardagen vert vanskelig og uforståelig for dei. Barn kan ta på seg ansvar for vanskelige hendingar som skjer I familien eller I nærmiljøet. Dei kan då reagera med sinne,  verta ekstra snille og hjelpsame eller dei kan verta triste og inneslutta.

Mange ting kan utløysa slike reaksjonar hjå barn og det er ikkje alltid foreldra veit eller forstår kva som plagar barnet/ ungdomen. Det kan vera mange forskjellige grunnar til slike reaksjonar. F. eks sjalusi, skilsmisse, mobbing, sjukdom, dødsfall etc.

Det kan vera greitt å få ein stemme utanifrå i slike vanskelige situasjonar.

Deg sjølv

Kriser, frustrasjonar,  vanskelige valg kan gjera at ein har behov for å rydda i tankar, kjensler og handlingsmønstre som er til hinder for å kunne leva slik ein ynskjer.

Det er tidspunkt i livet der en må ta valg i forhold til utdanning, jobb, relasjoner eller anna. Nokre gonger har ein behov for å rydde i tankar, kjensler og måter å gjera ting på som hindrer ein i å leve livet slik ein vil. Krava kan vere store og ein har behov for å letta litt på trykket og få ut frustrasjon.

Eg kan vera med å lytte, og saman med deg utforska forskjellige mogligheiter og perspektiv. Nokre gonger kan det vera befriande å snakka med  ein utanforståande som ikkje har forutinntatte meiningar om deg eller hva du skal gjera. Det er du som er fokus og du som skal velga.

FAMILIE

Me ønsker alle å få ein velfungerande familie der både barn og vaksne sine behov vert ivareteke på ein god måte. Tidspress og kravet ein opplever om å gjera alt perfekt gjer at ein ofte opplever at ein ikkje strekk til verken som far, mor, partner eller barn. Familiar er ikkje bare kjernefamilien lengre. Nye familiestrukturar skaper nye moglegheiter og nye utfordringer. . Frustrasjonen kan lett ta overhand og ein kjem inn i negative mønstre som overskygger gledene ved å vera ein familie.

Kvar familie er spesiell og må finna sin eigen måte å håndtera sin kvardag på. Eg kan vere med og inspirera, veileda og gje konkrete råd i prosessen med å nå dei mål de ynskjer for dykkar familie.

I parterapi er det sjølvsagt ein stor fordel at begge partane deltek. Det er ikkje alltid mogleg å få til og då møter eg kun eine parten.

Homeopati og familieterapi:

Homeopati kan vera eit redskap å bruka i tillegg til tradisjonell familieterapi. 

Det kan og vera fysiske sjukdomar og plager som gjer forholdet vanskeligare. For eksempel har eg erfaring med aggresjonsproblematikk hjå ein av partane kan vera det som ligg sterkast imellom partane. I akupunkturen ligg det til grunn ei forståing av at sinne og aggresjon er knytta til dårleg sirkuasjon i lever-energien. Med å styrke lever-energien med homeopatiske medisin kan det også redusera aggresjonen i eit menneske. Selfølgjelig blir dette gjordt i lag med å jobbe mot ei auka bevisstgjering rundt aggresjonen.   

Eg har erfaring med eit par som sto oppi ein slik aggresjonsproblematikk. Den eine av partane hadde ein kronisk hepatitt ( betennelse i lever). Det letta paret enormt bare å forstå at akupunkturfilosofien set  dette i samanheng. Det fritek den sjuke litt for skyldkjensla av å ikkje klare å styre sinne sitt, og gjev også håp om at sinne kan endrast ved å styrke leverenergien.    

Det  er lettare å kjenne overskot til å gå inn i problema i eit forhold når ein er frisk. Sjukdom stjeler og bind opp energien vår. Når energien som før var bunden opp i sjukdom vert frigitt kan ein investera dette overskotet til å jobbe med forholdet. 

Det er ikkje uvanleg at pasientar eg har behandla med homeopati kjem attende og påpeiker store endringar i parforholdet sjølv om me ikkje har hatt fokus på det i utgangspunktet. 

Nyeste kommentarer

18.10 | 16:40

Merkbar god lesning!!!! Takk som deler! =)

22.09 | 17:23

Godt å lese og kjenne at dette er jeg hjemme i, det har vært med meg igjenno...

22.09 | 00:35

Veldig bra skrevet, Jens! Jeg er glad for at jeg har vært og er elev av deg. Hå...

22.03 | 15:08

:)) Takk for at du finnes. Dyktige læremester jeg er stolt av å ha vært d...