Øyreakupunktur er i likhet med fotsoneterapi ein terapiform som byggjer på heilhetsprinsippet: I øyra finn ein punkter som står i kontakt med resten av kroppen. Desse punktene er så "levande" at om ein har for-spist seg så vil ein umiddelbart kunne sjå at punktet for magesekken i øyra buler ut. Ved ein overtråkk av ankelen vil punktet for ankelen i øyra umiddelbart kjennast veldig øm.
Punktene som er blokkerte i øyra vil kjennast veldig ømme ut ved trykk på punktet. Eg kan kjenna at desse blokkerte punktene er veldig harde. Dei kjennes som små grus korn eller som ein tynn ståltråd når eg trykker på punktene. Smertene kan vera veldig skarpe når eg trykker på punktet. Å setja nåla pleier allikevel ikkje vera så vondt. Det er ein smerte som går kjapt over. Viss pasienten er veldig redd for nåler kan eg også bruke laser for å stimulera punktet. Laser er smertefritt. Laseren bruker eg oftast på barn.
Øyreakupunktur byggjer på ei brei forståing av korleis kjensler og fysiske plager heng i hop og påverker kvarandre. Det er for eksempel ikkje nok å setje nåler for kneet ved kneplager. I forståinga som ligg i akupunkturen er kneda knytta til ein dårleg sirkulasjon av nyre energien ( det betyr ikkje at paienten har dårleg nyrefunksjon). Nyre energien kan verta svekka av mykje bekymring og angst.
Til info har eg ikkje etter norsk lov høve til å fortelja kva plager eg bruker øyreakupunktur mot. Eg kan heller ikkje visa til nokre erfaringar,effektpåstandar, forsking eller statistikk.